SluttenSiste tida
Blei tatt inn 8.mars. Etter fire dager tilbake til Mauthausen. Var der til 20. mars og blei pussa og stelt. Såg nesten ikkje ut. Mest ikkje liv i oss, såg alle ut som muselmenn. Vog 40 kilo. Dei fleste såvidt dei kunne gå. Eg blei undergravd i tunnelras, eit eventyr at eg overlevde det. Ein kamerat frå Evje ble då skamført slik at han seinare døde og blei der nede. Dette førte til at vi blei ført inn i ei konfiskert jødeforretning med alle slags konfeksjon, fekk plukka ut dress og slips og sko, lagt i papirsekker med fangenummer på. Vi hadde aldri noe navn. Hadde berre fangenummer. Det var 4068 i Natzweiler og 98023 i Mauthausen. Frigjering
Vi måtte ikkje innbille oss at vi skulle sleppe fri, men røde kors skulle samle oss i ein fangeleir. Den svenske løytnanten sa at dette ger vi fan i gutter, nu gör vi fan som vi vil. Vi kikka rundt, tørte ikke le. Så forsvant kommandanten og vi blei lasta inn i desse to bussane. Blei
køyrt først til Dachau, traff igjen Emil Franz. Vi konstanterte begge
to at vi var i live. Avtalte at den som overlevde skulle gi melding heim
til familien. Køyrde gjennom ingenmannsland, Øst- og Vestfronten
var nesten komen heilt saman. Var full krig. Køyrde om natta, var skyting,
brant krigsmateriell langs heile vegen. Dei unge svenske sjåførane køyrde
utan lykt. Heime att
I lang tid kunne ein trykkje djupe merker på meg, hadde mye vatn i kroppen. Da eg kom heim igjen, var Gert Høye XU-mann og fekk beskjed om å passe på oss. Samla oss ei stund etterpå og sa; -eg var ganske sikker på at du aldri kom til å overleve. For det var ikkje ei einaste prøve som var normal på deg! Laudalsgruppa
|
| Til toppen |