Motstandsmannen fra Setesdalen
Osmund Faremo 
Den unge Osmund Faremo var befalsskuleelev då krigen kom til Noreg i
1940. Han tok del i kampane på Sørlandet i aprildagane, og kom tidleg
med i motstandsarbeidet. Men tysk politi rulla opp heile gruppa, og Faremo
hamna i fryktelege forhøyr hjå Gestapo. Så vart han send til NN-leiren
Natzweiler, for å døy der saman med sytti andre nordmenn.
På mirakuløst vis overlevde han livet i denne dødsleiren. Han vart i
krigens siste del sendt til Dachau og Mauthausen, men klarte seg også
der medan likhaugane voks rundt han.
Her fortel han soga si, også kvifor han etter eiga meining kunne overleve
desse opplevingane.
|